Tue. Apr 23rd, 2024

Måla til Erling Braut Haaland i Manchester City skil seg ut frå dei tidlegare sesongane. Og nesten alle kjem på den første berøringa.

– Dette er eit teikn på at han har blitt ein meir komplett spelar, seier NRK sin fotballekspert Carl-Erik Torp.

Så langt denne sesongen har nordmannen notert seg 45 mål i alle turneringar.

40 av desse 45 måla har vore på éi berøring frå superstjerna, der seks er frå straffemerket.

Sett bort frå straffemåla, står Haaland derfor med 34 av 39 skåringar på éi berøring der han har heada, «saksesparka» eller breisida ballen forbi utspelte målvakter.

Det utgjer heile 87,2 prosent av måla.

Til samanlikning var 64 prosent (48 av 75) av Haaland sine spelemål i Borussia Dortmund på éi berøring og 28 prosent inne i femmeteren (21 av 75).

– Eg synast først og fremst dette er eit ekstremt høgt tal. Spesielt at snittet er så høgt på så mange skåringar, seier Torp.

I tillegg har heile 18 av dei 39 skåringane, 46,2 prosent, komme inne i femmeteren.

Tala hans skil seg ut frå dei fleste andre toppspissar i Europa. NRK har sett på måla til toppskårarane i topp fem-ligaene og eit knippe andre storskårarar.

– Større repertoar

Det som utmerker seg denne sesongen samanlikna med tidlegare er kor allsidig han har blitt framfor mål. Før skåra Haaland mest med venstrefoten.

Framleis er majoriteten av måla gjort med venstrefoten, men han har no skåra like mange mål med høgrefoten og hovudet denne sesongen som han gjorde i løpet av to og ein halv sesong i Borussia Dortmund.

– Han har eit større repertoar, og han er meir komfortabel til å komme til sjansar med hovudet eller høgrefoten, seier Torp.

Han trur òg at det er andre faktorar som gjer at måla til Haaland har blitt meir varierte denne sesongen.

– Han skårar jo litt fleire mål i Manchester City enn i Dortmund, det aukar jo òg talet på skåringar med hovudet og andre kroppsdelar.

– Ein annan ting er at dei sjansane han bomma på tidlegare, set han no. Det kan òg ha ein påverknad, seier Torp.