tir. mai 24th, 2022

Kostas Tsimikas blei Liverpools cuphelt med det avgjerande straffesparket då Chelsea blei slått med 6-5 i straffesparkkonkurranse i FA-cupfinslen på Wembley.

Det stod 4-4 då Sadio Mané skulle avgjere straffekonkurransen med Liverpools femte straffe. Så redda.landsmannen Mendy i Chelseas bur. Men det gjorde ingenting for Liverpool. Alison redda Mason Mounts straffe, og Tsimikas heldt nervane i sjak og sette inn sigersmålet. Då hadde César Azpilicueta.bomma på Chelseas andre og lagt sterkt press på klubben.

Dermed kan Liverpool framleis sikre seg fire titlar denne sesongen. Ligacupen er allereie i premieskapet på Anfield, no kjem også FA-cup-pokalen dit. Begge etter 0-0 og straffesiger over Chelsea. Ligameisterskapet bli avgjort neste helg, og deretter skal Liverpool spele meisterligafinale mot Real Madrid. Det stod 0–0 etter 120 minutts spel i jubileumskampen på Wembley. Dermed måtte det straffer til, som i ligacupfinalen i februar.

– For ein nøytral tilskodar som meg var dette ingenting anna enn ei tidtrøyte før Eurovisjons-finalen, var ein kommentar på BBCs dekning. Så innhaldslaus var ikkje kampen, trass alt. Det var mange sjansar til begge lag, men svake avslutningar. To stolpeskot, eitt for kvart lag, var det nærmaste laga kom scoring.

Derfor stod det 0–0 etter 90 minutt, som det gjorde i ligacupfinalen mellom dei sama laga i februar. Men det var første gong sidan 2007 at det skjedde i ein FA-cup-finale. Liverpool spela sin 15. finale i FA-cupen, men den første sidan 2012. Chelsea var i sin 16., og den tredje på rad. Dei to føregåande enda med tap.