Thu. Apr 25th, 2024

Det er no bestemt at kampen mellom Aalesund og Bodø/Glimt er avlyst, det skriv Norges Fotballforbund i ei pressemelding.

Fredag ettermiddag seier AaFK-trener Lars Arne Nilsen til NRK at det no er bestemt at det ikkje blir cupkamp mot Bodø/Glimt på søndag. Det er Fotballforbundet som har avlyst kampen. Det betyr i praksis at Glimt er klar for kvartfinalen. Aalesunds Fotballklubb er ikkje fornøgde med avgjerda, skriv dei i ei pressemelding.

– Vi er ikkje fornøgde med å ikkje få moglegheita til å delta i NM. Vi hadde sett fram til å få ein folkefest på Color Line Stadion. No har det kome ei avgjerd, men vi har framleis ikkje fått svar på spørsmålet om økonomisk kompensasjon, seier Geir Vik, administrerande direktør i AaFK.

Sportslig leder i AaFK, Bjørn Erik Melland, seier dei jobber med å få på plass mange kampar i siste del av oppkøyringa. – Vi startar med ein treningskamp (3×30 minutter) mot Molde tysdag. Molde har også slite med sjukdom i troppen, og det passar fint for begge lag å få ein kamp der vi kan gi den speletida som er fornuftig til dei ulike spelarane, seier Melland.