Fri. Apr 26th, 2024

Tomoe Hvas avslutta knallsterkt og tok sølv på 100 meter medley i kortbane-VM i symjing.

Han forbetra også den nordiske rekorden som han sette i semifinalen i går, med fire hundredeler til 51,35. Hvas låg litt tilbake halvveges, med litt svakare start enn i semifinalen laurdag. Men avslutnga i bryst og fri lukta det svidd av. Han hadde den beste tida av alle på dei siste 50 meterane, og han slo handa i bassengkanten som nummer to i finaleheatet.

Kliment Kolesnikov – som var den einaste som slo Hvas også i semifinalen -– vann på 51,09. Hvas kjempa seg forbi bronsevinnar Thomas Ceccon og Finlay Knox på fjerdeplass på dei aller siste metrane. Berre 11 hundredeler skilde dei tre. 21-åringen frå Bærumssvømmerne tok sin første medalje i eit VM, men han har sølv og bronse i EM frå før.

– Han har tatt store steg, og levert tider i verdsklasse både i fjor og i år. Dette er så fortent, seier NRKs ekspertkommentator Aleksander Hetland om Hvas, som var ein av to norske flaggbærarar under OL i Tokyo i sommar. Men der fekk han det ikkje heilt til. Deretter blei han sjuk, og var derfor heller ikkje på topp under EM tidlegare i haust. Heller ikkje i VM kjende han seg heilt pgg dei første dagane. Men så losna det til gagns.